Sikkerheit for lånet

Vi bereknar sikkerheita for låna våre ut frå marknadsverdien på bustaden. Du kan låne inntil 80 prosent av marknadsverdien.

Sikkerheit på inntil 80 prosent av marknadsverdi

Maksimalt lånebeløp per medlem er 2 300 000 kroner. Vi tar pant i bustaden du bur i (folkeregistrert adresse).

Vi treng ikkje førsteprioritet. Det må komme fram i søknaden kor mykje lån den andre banken skal ha med prioritet/sikkerheit føre oss. Etter ei vurdering kan vi innvilge lån med sikkerheit etter lån til ein annan bank.

Unntak:

  • Ved kjøp av bustad blir lågaste verdi nytta av takst og av kjøpesum

Nærmare om marknadsverdi og verdivurdering

Når du søker om bustadlån hos oss kan vi be om verdivurdering frå eigedomsmeklar etter behov. Vi godtek berre verdivurderingar der eigedomsmeklar har vore på synfaring i bustaden din.

Det er viktig at verdivurderinga har opplysingar om bustaden si adresse og gards- og bruksnummer, eller burettslaget sitt namn og andelsnummeret på leilegheita.

Dersom du bur i eit burettslag, må du passe på at eigedomsmeklaren seier frå om marknadsverdien inkluderer fellesgjeld eller ikkje.

Kjøp av bustad under oppføring

Dersom du skal kjøpe bustad som er under oppføring, bruker vi kjøpesummen som verdidokumentasjon på bustaden. Vi gir ikkje byggjelån.

Spesielle krav for landbrukseigedommar

Dersom eigedommen din er ein landbrukseigedom (konsesjonspliktig eigedom), har vi eigne krav til taksten. Sikkerheita for bustadlånet må vere inntil 60 prosent av marknadsverdi. Vi krev da at du innhentar ein landbrukstakst frå ein takstmann som er godkjend for taksering av landbrukseigedommar.