Kva skjer med lånet mitt om eg sluttar i den statlege stillinga?

Dersom du sluttar/byter jobb og mister medlemskapen din i Statens pensjonskasse, mister du også retten til å behalde lånet ditt til ordinære vilkår. Du kan likevel behalde lånet til mindre gunstige vilkår. Renta blir oppjustert med to prosentpoeng og eventuell avdragsfridom fell bort. Det skjer tre månader etter varsla renteendring.

Aksepterer du ikkje dei endra vilkåra, blir bustadlånet sagt opp med tre månaders varsel.

Omstilling

Sluttar du i stillinga som følge av eit vedtak om omstilling, kan du behalde lånet ditt som om medlemskapen din var uendra. Du kan likevel ikkje søke om nytt lån. Vi treng dokumentasjon frå arbeidsgivaren din på vedtaket.

Permisjonar

Når du er i permisjon i samsvar med permisjonsavtalen i staten, blir medlemskapen opprettheldt i permisjonen og du beheld lånet til vanlege vilkår. Det er arbeidsgivar som bestemmer om permisjonen er i samsvar med permisjonsavtalen eller ikkje.

Overgang til pensjon

Du kan behalde lånet ditt hos oss til uendra vilkår når du blir pensjonert frå ei stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse.

Tilbake i stilling med medlemskap i SPK

Begynner du i ei stilling med rett til medlemskap att, må du ta kontakt med oss så vi kan justere ned renta med to prosentpoeng.

Send oss ein e-post til stillingsendring@spk.no, og merk meldinga med lånenummer.