Kva skjer med lånet mitt dersom eg flytter?

For å få bustadlån hos oss, må du bu i den finansierte bustaden. Dersom du skal flytte må du gi oss beskjed.

Bustadlånordninga i SPK krev tryggleik i eigen bustad. Med eigen bustad meiner vi bustaden der du har, eller vil ha, adressa di.

Skal du flytte frå bustaden din, må du gi oss beskjed. Lånet blir sagt opp med tre månaders varsel. Du kan eventuelt søke om lån med sikkerheit i ny bustad.

Dispensasjon frå buplikta

Når du flytter kan du få dispensasjon frå buplikta med inntil eitt år. Du må søke skriftleg om dispensasjon. I særlege tilfelle kan vi innvilge fritak frå buplikta for lengre periodar. 

Flytte på grunn av beordring

Dersom du må flytte på grunn av beordring, gir vi fritak frå buplikta.

Tilsette i utanrikstenesta

I perioden du jobbar i utlandet gis det fritak frå buplikta. Vi må ha kopi av vedtaket/tilsetjingsvilkåra for beordringa.