Kva skjer når vi har mottatt søknaden?

Vi behandlar søknadane kronologisk etter kva for dato vi mottar dei.

På Min Side kan du følge status på din søknad.

Slik er saksgangen:

  • Søknaden blir vurdert av ein kundebehandlar. Tilbod om, eller avslag på, bustadlån blir sendt pr e-post. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur i søknaden din, sender vi deg tilbod, eller avslag på lån per post.
  • Du signerer dokumenta med BankID.
  • Når vi har mottatt alt vi har bedt om og alle dokument er signert, sender vi pantedokumentet til Statens kartverk for tinglysing. Dersom du vel elektronisk tinglysing, tar det frå to til fire dagar før pantedokumentet ditt er ferdig tinglyst. Dersom du vel manuell tinglysing, tar det frå ein til to veker før pantedokumentet er tinglyst og vi får det i retur frå Statens kartverk.
  • Lånet ditt blir da utbetalt etter opplysingar frå utbetalingsfullmakta di.
  • Første termin på lånet avheng av når lånet kjem til utbetaling. Alle terminforfall er den 15. i månaden.