Kva skjer ved elektronisk tinglysing?

Du kan tinglyse pantedokumentet ditt elektronisk. Det betyr at lånet ditt blir raskare utbetalt.

Elektronisk tinglysing kan gjerast for alle låneformåla våre, bortsett frå ved lån til kjøp av ny bustad, eller om du har ei aksjeleilegheit.

For at vi skal kunne tinglyse panta vårt elektronisk må du ha ei e-postadresse, og alle som eig bustaden må ha eigen BankID. Når vi har registrert panta vår får du ein e-post med ei lenke. E-posten blir sendt frå signeringstjenesten@eiendomsinformasjon.no. Du opnar lenka og loggar deg inn med BankID. Dokumentet blir da signert elektronisk.

Alle som eig bustaden må signere med sin eigen BankID. Eig du for eksempel bustaden saman med ektefellen din, må e-posten sendast vidare til ektefellen, som loggar inn med sin eigen BankID. Dokumentet er ikkje ferdig tinglyst før alle eigarar av bustaden har signert dokumentet elektronisk.

Når du har signert elektronisk, tar det to–tre dagar før pantedokumentet er tinglyst. Lånet er da klart til utbetaling, og blir normalt betalt ut innan få dagar.