Kven kan søke bustadlån?

Dei aller fleste av medlemmane våre kan søke om bustadlån. Er du tilsett i ei verksemd som tilknytta Statens pensjonskasse, er du medlem og kan søke om inntil 2 300 000 kroner i bustadlån.

Dersom de er to i husstanden som er medlemmar, kan begge søke om bustadlån hos oss. De må likevel sende to separate søknader.

Sender de søknadene samtidig, blir dei vurderte saman.

De er ansvarlege for kvart deira lån og det blir to etableringsgebyr, men berre eitt tinglysingsgebyr. De vel sjølv kor mykje kvar av dykk skal søke om, dersom de ikkje skal søke om maksimalt lånebeløp.

Du er også medlem dersom du er

  • pensjonist
  • statsråd
  • stortingsrepresentant

Når ektefelle/sambuar ikkje er medlem

Det er berre medlemmar i Statens pensjonskasse som kan søke om lån hos oss. Det betyr at det er den i husstanden som er medlem som er ansvarleg for lånet. Ektefelle/sambuar har dermed ikkje gjeldsansvar overfor Statens pensjonskasse. Dersom de har felles bustad, må ektefelle/sambuar likevel godkjenne at vi tar pant i bustaden. Dette blir kalla realkausjon.

Sjølv om ektefelle/sambuar ikkje har gjeldsansvar overfor oss, må vi som hovudregel ha dokumentasjon på inntekter og gjeld for begge, slik at vi kan vurdere husstanden sin samla økonomi.

Krav om buplikt

Du kan få lån med sikkerheit i eigen bustad. Med eigen bustad meiner vi bustaden der du har, eller vil ha, den folkeregistrerte adressa di.

For å få bustadlån hos oss, må du bu i den finansierte bustaden. Vi gir ikkje lån til kjøp av bustad nummer to eller bustad som skal leigast ut.

Kva om eg byter jobb og mistar medlemskapen i SPK?

Dersom du sluttar/byter jobb og mister medlemskapen din, kan du ikkje søke om bustadlån i Statens pensjonskasse. Har du allereie bustadlån hos oss mister du retten til å behalde lånet ditt til ordinære vilkår. Du kan behalde lånet til mindre gunstige vilkår. Renta blir da oppjustert med to prosent og eventuell avdragsfridom fell bort.

Jobbar du deltid?

Du må jobbe minimum 20 prosent av full stilling for å kunne søke om lån.

Er du lærling?

Lærlingar kan ikkje søke om bustadlån frå oss.

Andre låneordningar vi forvaltar: