Kva for sikkerheit krev vi?

Som medlem i SPK kan du søke om inntil 2 300 000 kroner i bustadlån. Vi bereknar sikkerheita for låna våre ut frå marknadsverdien. Sikkerheita for bustadlånet må vere inntil 80 prosent av marknadsverdien.

Sikkerheit på inntil 80 prosent av marknadsverdien

Du kan låne inntil 80 prosent av marknadsverdien på bustaden. Maksimalt lånebeløp per medlem er 2 300 000 kroner.

Nokre bankar krev førsteprioritet i bustaden. Statens pensjonskasse kan etter vurdering innvilge lån med sikkerheit etter lån til ein annan bank. Det må komme fram i søknaden kor mykje lån den andre banken skal ha med prioritet/tryggleik før oss.

Unntak:

Lågaste verdi av takst/verdivurdering og av kjøpesum blir brukt som kalkylegrunnlag

Vi gir ikkje lån ut over 80 prosent av marknadsverdien. Vi tilbyr altså ikkje 100 prosent finansiering ved kjøp av bustad.

Burettslagsbustad med fellesgjeld

Fellesgjeld blir lagt til marknadsverdien før sikkerheit på inntil 80 prosent blir berekna.

Sikkerheit for ei leilegheit i burettslag reknar vi ut slik:

  • (Verditakst + fellesgjeld) x 80 % - fellesgjeld = maksimalt lånebeløp.

Landbrukseigedom (konsesjonspliktig)

Sikkerheita for bustadlånet må vere inntil 60 prosent av marknadsverdien. Sikkerheita blir berekna ut frå marknadsverdien i landbrukstakt frå godkjend takstmann.