Kor mykje kan eg låne?

Maksgrensa for lån i Statens pensjonskasse er 2,3 millionar per medlem. Dersom de er to personar i husstanden som begge er medlemmar hos oss, kan de søke om å låne 4,6 millionar til saman.

Låneordninga er tariffesta i hovudtariffavtalen i staten, som kan reforhandlast anna kvart år. Statens pensjonskasse forvaltar låneordninga på vegne av staten, og har ingen påverknad på maksimalt lånebeløp.