Korleis bereknast renta?

Renta vår følger normrenta. Det er Skatteetaten som er ansvarleg for å rekne ut normrenta.

Normrenta er den lågaste renta ein arbeidsgivar kan gi på utlån til ein arbeidstakar utan at arbeidstakaren blir skatta for ein særfordel knytta til låg rente.

Fastsetjing av renta

Renta blir berekna seks gonger i året, med utgangspunkt i marknadsrenta på bustadlån som blir innrapportert til Finansportalen. Normrenta er basert på renta på bustadlån på 1,5 millionar kroner innanfor 50 prosent sikkerheit – som svarar til ein bustadverdi på minst 3 millionar kroner. Her kan du sjå kva renta er.

Skatteetaten bereknar eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda hos Finansportalen med landsdekkande marknadsområde og utan krav om for eksempel medlemskap eller spesiell tilknyting til yrke. Bustadlån der det kan krevjast for eksempel lønnskonto (produktpakke) kan inngå.

Frå gjennomsnittet av dei fem beste tilboda blir det gjort eit frådrag på 0,15 prosentpoeng, slik at normrenta ikkje skal liggje mykje over dei aller beste lånetilboda i marknaden.