Korleis betaler eg lånet mitt?

Lånet blir betalt kvar månad etter avtalt nedbetalingsplan ved inngåing av lånet. Forfallsdatoen er den 15. i månaden

Du må huske at du må leggje inn KID-nummer dersom du skal betale ekstra ned på lånet ditt. Du finn KID-nummer når du loggar deg på Min side

Betalingsmåte og forfallsdato

I nettbanken din kan du inngå avtale om eFaktura eller Avtalegiro for innbetaling av lånet. Dersom du ikkje inngår ein av desse avtalane, får du månadleg terminvarsel i posten og du må skrive inn KID-nummer ved innbetaling.

Forfallsdato er den 15. kvar månad. Du kan ikkje velje andre forfallsdatoar. 

Mottek du pensjon, kan du betale terminbeløpet i samband med utbetaling av pensjon den 20. kvar månad, utan at du får forseinkingsrente frå oss.  

Ekstra nedbetalingar

Du kan betale ned ekstra på lånet ditt. Sidan ordinært terminforfall er den 15. i månaden, ber vi om at ekstra innbetalingar blir gjort mellom den 16. og den 27. i månaden. Det er ingen gebyr ved ekstra innbetaling. 

Bruk kontonummer 6345 05 16300

Bruk KID-nummer ved ekstra innbetaling. Du finn KID-nummer når du loggar deg på «Min side». 

Ved ekstra innbetaling blir nedbetalingstida automatisk redusert. Ønsker du å oppretthalde nedbetalingstida di, må du sende ei skriftleg melding

Betale framtidige terminforfall på forskot

Det er ikkje mogeleg å innbetale framtidige terminforfall på forskot. Alt du betalar inn ut over det som blir varsla kvar månad, vil gå som ekstra nedbetaling på lånet.