Kan eg endre lånet mitt?

Vi vurderer søknadar om endring av nedbetalingstid, terminforfall, avdragsfridom og endring av serie- eller annuitetslån når vi mottek dei. For å endre lånet ditt, må du sende oss ei skriftleg melding minst ein månad før terminforfallet endringa skal gjelde frå.

Dersom du ønsker å søke om endring av lånet ditt, treng vi informasjon om kva endring du ønsker, fullt namn og gjerne lånenummer.

Dersom endringa blir innvilga, blir det lagt til eit gebyr neste termin.

Endring av sikkerheit

Skal du søke om prioritetsvik eller nedkvittering av panten, må vi ha ei skriftleg melding frå deg eller banken din.

Ved eventuell godkjenning av endringa, blir det lagt til eit gebyr neste termin. Ved prioritetsvik kjem tinglysingsgebyr til Statens kartverk i tillegg.

For å søke om endring av sikkerheit treng vi informasjon om kor mykje du skal låne i banken din, kva du ønsker at vi skal nedskrive panten vår til, namnet på banken, namnet ditt og gjerne lånenummeret.

Dersom du skal søke om å prioritetsvik må du legge ved følgande i søknaden din:

  • skattemelding (sjølvmelding) frå siste år
  • lønnsslipp frå siste månad
  • søknad om endring av sikkerheit