Kva om eg kjøper ny bustad før eg har fått pengane frå salet av den gamle?

For å få lån til kjøp av ny bustad i Statens pensjonskasse, må du ha disponibel eigenkapital på dagen for kjøpet.

Dersom du ikkje har fått oppgjeret frå salet av den gamle bustaden din, og dermed ikkje har nok eigenkapital på kjøpstidspunktet, må du låne heile kjøpesummen i perioden fram til du får oppgjeret. Dette blir kalla mellomfinansiering.

Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering.

Dersom eigenkapitalen din er bunden opp i den gamle bustaden din, sjølv om det berre dreiar seg om ein liten periode, vil du trenge mellomfinansiering. Da kan du først ta opp heile lånet i ein bank. Når du har selt den gamle bustaden og fått pengane frå oppgjeret, kan du søke om å refinansiere banklånet ditt hos oss.