Serielån eller annuitets­lån?

Du vel sjølv om du vil ha annuitetslån eller serielån hos oss

Vel du annuitetslån blir lånet nedbetalt med like store terminbeløp inntil det er innfridd, fordi avdraget er justert etter rentekostnaden. Avdragsdelen er liten og rentedelen stor i starten av nedbetalingstida. I løpet av nedbetalingstida blir avdraga høgare og rentedelen mindre. Terminkostnaden vil likevel variere ved renteendringar. 

I eit serielån er avdraga faste. Terminbeløpa er høgast i starten av nedbetalingstida, fordi rentedelen av lånet er variabel. Rentedelen utgjer ein stor del av terminbeløpet. Innbetalingane er derfor høge i starten av nedbetalingstida.

Du kan gå inn på lånekalkulatoren vår og sjå på forskjellane mellom annuitetslån og serielån.