Jernbanens Pensjonskassefond

Er du tilsett i eit selskap underlagt enten NSB eller tidlegare Jernbaneverkets verksemd og samtidig er medlem hos oss, kan du låne inntil 500 000 kroner til bustad i Jernbanens Pensjonskassefond.

Publisert 15.11.2021

Omfattar følgjande selskap:

  • Vygruppen AS
  • Jernbanedirektoratet
  • Bane NOR SF
  • Norske Tog AS
  • Entur AS

Kven kan få bustadlån?

  • Yrkesaktive medlemmar
  • Alders- og uførepensjonistar som mottek pensjon frå Statens pensjonskasse

Låntakar må bu i, og vere eigar eller medeigar av bustaden. Ved beordring kan buplikt vike.

Formåla og storleiken til lånet

Lån inntil 500 000 kroner blir gitt til:

  • Kjøp av bustad
  • Refinansiering av bustadlån som er pantesikra i den bustaden som blir søkt belånt
  • Skifteoppgjer i samband med skilsmisse
  • Utviding og ombygging av bustad

Det blir ikkje gitt lån med pant i aksjeleilegheit eller leilegheit i burettslag.

Krav til tryggleik

Vi treng førsteprioritet med tryggleik innanfor 80 prosent av godkjend marknadsverdi.

Nærmare om marknadsverdi og verdivurdering

Ved behov kan vi be om ei verdivurdering frå eigedomsmeklar når du søker om bustadlån hos oss. Vi godtek berre verdivurderingar der eigedomsmeklar har vore på synfaring i bustaden din.

Det er viktig at verdivurderinga har opplysingar om adressa og gards og- bruksnummeret til bustaden, eller namnet til burettslaget og andelsnummeret på leilegheita.

Nedbetalingstid

Det er maksimalt 30 års nedbetalingstid, med inntil 5 års avdragsfridom.

Andre vilkår

  • Du pliktar å gi beskjed ved flytting frå eller sal av bustaden. Lånet forfell til full innfriing dersom du flyttar frå eller sel bustaden.
  • Dersom du sluttar i stillinga som gir rett til medlemskap, pliktar du å gi oss beskjed om det, og lånet blir sagt opp med tre månaders varsel.
  • Ektefellar, sambuarar eller partnerar som er medlemmar, kan få lån med pant i same bustad. Send inn eit søknadsskjema for kvar låntakar.

Søke om lån

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet vårt for å søke om lån.

Hugs at du kan ta opp lån i Statens pensjonskasse i tillegg. Når du bruker elektronisk søknadsskjema, må du da sende to søknadar. Merk søknaden med Jernbanens Pensjonskassefond i andre opplysingar.

Som ein del av søknadsbehandlinga, vil vi vurdere økonomien og betalingsevna di.