Annuitets­lån

Eit annuitetslån blir betalt ned med like store terminbeløp heilt til det er innfridd, fordi avdraget er justert i samsvar med rentekostnaden. Avdragsdelen er liten og rentedelen stor i starten av nedbetalingstida. Seinare blir avdraget høgare og rentedelen mindre. Terminkostnaden vil likevel variere ved renteendringar.