Gruppeliv - utbetaling ved dødsfall

Hvis du står i jobb når dødsfallet inntreffer, kan dine etterlatte ha krav på å få utbetalt en gruppelivsforsikring. Forsikringa gjelder om du er ansatt i en virksomhet omfattet av Hovedtariffavtalen i staten.

Ordninga gjeld for arbeidstakarar i staten som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, også dei som har

  • deltidsstilling
  • mellombels stilling - engasjement og vikariat
  • venteløn
  • lærlingeløn

Dersom du har 100 prosent uførepensjon frå Statens pensjonskasse, er du omfatta av gruppelivsordninga dei to første åra du mottek pensjon.

Også enkelte statlege verksemder har gruppelivsordning hos oss. Spør arbeidsgjevaren din dersom du er i tvil.

Undervisnings- og forskningstilsette ved universitet og høgskolar er omfatta av gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse. Er du lærar tilsett i kommunen (offentleg grunnskule eller vidaregåande skule), er du ikkje omfatta av denne gruppelivsordninga. Spør arbeidsgjevaren din kor du eventuelt har gruppelivsordninga di. 

  • Ektefelle/registrert partnar får utbetalt eit eingangsbeløp tilsvarande 10 ganger grunnbeløpet i folketrygda (G). 

  • Sambuarar får utbetalt eit eingangsbeløp tilsvarande 10 ganger grunnbeløpet i folketrygda (G). Som sambuarar etter Hovudtariffavtalen i staten blir rekna:
    - To personar som har levd saman i ekteskapsliknande forhold dersom det i folkeregisteret går fram at dei har hatt same bustad dei siste to åra.
    - To personar med felles barn og felles bustad.
    Opplysning om eventuell sambuar er ikkje registrert sentralt. Vi er difor avhengige av at gjenlevande sambuar eller andre melder frå til oss.
  • Barn som er under 25 år får utbetalt 4 G kvar. Dersom det ikkje finst gjenlevande ektefelle, partnar eller sambuar, aukar utbetalinga til kvart einskild barn til 5 G. For personar under 18 år vert beløpet administrert av Fylkesmannen.
  • Andre som vart vesentleg forsørga
    Viss det ikkje finst ektefelle, registrert partnar, sambuar eller barn, har andre som vart vesentleg forsørga av avdøde rett på utbetaling på til saman 4 G.

  • Dødsbo får utbetalt 3 G dersom det ikkje finst etterlatne som har krav på utbetaling.

Dine etterlatne treng ikkje søke. Det er arbeidsgjevaren din som melder frå om dødsfall til Statens pensjonskasse. Etterlatne blir kontakta direkte av Statens pensjonskasse.

Opplysning om eventuell samburar er ikkje registrert sentralt. Vi er derfor avhengige av at gjenlevande sambuarar eller andre melder frå til Statens pensjonskasse.

Gruppelivsordninga er ein del av arbeids- og lønnsvilkåra dine, og gjeld 24 timar i døgnet. Ved dødsfall vil dine etterlatne få ei eingangsutbetaling frå Statens pensjonskasse. 

Vi oppmodar deg til å lese om korleis vi behandlar personopplysningar i SPK.