Ord og uttrykk

Påslagspensjon

Frå og med 2020 tener dei som er fødd i 1963 eller seinare opp pensjon etter reglane for ny offentleg tenestepensjon. Ein tener opp til alderspensjon ved at ein andel av lønna blir sette av i ein pensjonsbehaldning, på same måte som i folketrygda. Dette blir kalla påslagspensjon.

Påslagspensjonen skal ikkje samordnast, men kjem i tillegg til folketrygda. 

Pensjonen blir tent opp med ein prosentsats på 5,7 prosent av pensjonsgrunnlaget opptil 7,1 GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 118 620 kroner per 01.05.2023.Mer om Grunnbeløp (G), og 23,8 prosent av pensjonsgrunnlaget mellom 7,1 og 12 G. (G står for grunnbeløpGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 118 620 kroner per 01.05.2023.Mer om Grunnbeløp (G)).

Medlem blir trekt  2 prosent av løna som tidlegare, og arbeidsgjevar betalar resten av pensjonspremien. Pensjonspremien er kostnaden arbeidsgjevar må betale for å ha ein tenestepensjon for dei ansatte. 

Når du framleis er i arbeid, blir behaldninga di regulert i tråd med lønsveksten i samfunnet. Når du pensjonerer deg, blir alderspensjonen regulert med eit gjennomsnitt av pris- og lønsvekst. 

Du tener opp ein rett til påslagspensjon for arbeid i medlemspliktig stilling frå 13 til 75 år. Du kan ta ut pensjonen heilt eller delvis frå 62 år. Den betales seinest ut frå månaden etter fylte 75 år. 

Du kan kombinere påslagspensjon med arbeidsinntekt utan at den blir redusert.