Sist oppdatert: 16.04.2020
Regulering
Pensjonsrettane dine blir regulerte kvart år slik at dei opprettheld verdien over tid. Reguleringen tar utgangspunkt i eit snitt av løns- og prisveksten i samfunnet.
Regulering av pensjon
Regulering av pensjonen skjer med verknad frå 1. mai kvart år.
Regulering av pensjonsgrunnlag
Pensjonsgrunnlag blir regulert i samsvar med den vanlege lønsveksten.
Det betyr at dersom du har slutta i ei stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse og derfor har rett til ein framtidig pensjon, ein såkalla oppsett pensjon, vil pensjonsgrunnlaget bli oppregulert med lønsvekst fram til du tek ut pensjonen.
Slik blir offentleg tenestepensjon regulert
Pensjonstype | Regulering av opptening fram til 67 år | Regulering av utbetaling før 67 år | Regulering av utbetaling etter 67 år |
---|---|---|---|
Alderspensjon | Blir regulert med lønsvekst og deretter blir 0,75 prosent trekt | ||
AFP og særalderspensjon | Lønsvekst |
Blir regulert med lønsvekst og deretter blir 0,75 prosent trekt AFP blir regulert med lønsvekst frå 65 år og frå 67 år. Særalderspensjon blir regulert med lønsvekst frå 67 år. |
Blir regulert med lønsvekst og deretter blir 0,75 prosent trekt |
Uførepensjon | Lønsvekst | Lønsvekst | |
Ektefellepensjon | Lønsvekst | Blir regulert med lønsvekst og deretter blir 0,75 prosent trekt | |
Barnepensjon | Lønsvekst |
Eksempel
La oss sjå på eit eksempel der personen har eit pensjonsgrunnlag på 200 000 kroner og lønsveksten er berekna til 4 prosent.
- Pensjonsgrunnlag x lønsvekst = pensjonsgrunnlag justert for lønsvekst
200 000 x 1,04 = 208 000 kroner - Pensjonsgrunnlag justert for lønsvekst x fast faktor på 0,75 prosent = fråtrekk
208 000 x 0,0075 = 1560 kroner - Pensjonsgrunnlag regulert for lønsvekstjustert – fråtrekk = regulert pensjon
208 000 – 1 560 = 206 440 kroner