Innbetaling av krav

Dersom etteroppgjeret viser at du har fått utbetalt for mykje AFP, får du krav om å betale tilbake for mykje utbetalt pensjon.

Viser etteroppgjeret at du har fått utbetalt for mykje pensjon, vil vi som hovudregel trekke i framtidige utbetalingar i AFP og/eller alderspensjon frå folketrygda. 

Du kan auke trekket eller innbetale heile beløpet på ein gong

Dersom du ønsker å betale heile kravet på ein gong, eller ønsker at vi trekk eit høgare månadsbeløp, ta kontakt med oss på postmottak@spk.no.