Slik søkjer du AFP

Søknad om AFP består av to delar – ein del som arbeidsgivar skal fylle ut, og ein del som du skal fylle ut.

Arbeidsgivaren din fyller ut pensjonsmeldingsskjema seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. Pensjonen startar alltid den første i månaden. Du må sjølv fylle ut eit opplysingsskjema om AFP på www.nav.no > og sende skjemaet til NAV.

Kva må du gjere:

  1. Sjekk om du kan ha rett til AFP (Sjå "Kan du få AFP?").
  2. Avtal pensjonsdato med arbeidsgivar. Dersom du ønskjer å fortsette i delvis stilling, må du også avtale stillingsstorleik.
  3. Arbeidsgivaren din må sende melding om pensjon til oss seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. 
  4. Fyll ut opplysingsskjema om AFP som ligg på www.nav.no – og send skjemaet til NAV seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. Vær merksam på at søknaden om AFP ikkje er fullkomen før opplysingsskjemaet er fylt ut og sendt til NAV.

Kva skjer vidare?

  • Gjeld søknaden AFP mellom 62 og 65 år, er det NAV som reknar ut pensjonen, følgjer opp saka og utbetalar pensjonen.
  • Gjeld søknaden AFP frå 65 år, er det SPK som reknar ut pensjonen. Sjølve utbetalinga skjer via NAV. 

Vi oppfordrar deg til å lese om korleis vi behandlar personopplysingane dine.