Så mykje kan du få

Ved full opptening utgjer vartpengane 66 prosent av det pensjonsgrunnlaget du har når du slutter i stillinga di.

Pensjonsgrunnlag

Når vi reknar ut vartpengar, tek vi utgangspunkt i pensjonsgrunnlagetPensjons­grunnlagPensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.Mer om Pensjons­grunnlag ditt. Løn ut over 12 gonger grunnbeløpet i folketrygdaGrunn­beløpGrunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 99 858 kroner per 01.05.2019.Mer om Grunn­beløp (G) vert ikkje rekna med i grunnlaget for utrekning av vartpengar.

Oppteningstid

For å få full opptening, må den pensjonsgjevande tenestetida di, inkludert tida fram til aldersgrensa, vere 30 år eller meir. Vi reknar ut vartpengane etter kor lang oppteningstidOpptening / opptjeningFrå 2020 vert det innført nye reglar der du tener opp i ei pensjonsbehaldning. Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse fram til 2020 blir kalla oppteningstid. Dei nye reglane gjeld alderspensjon for deg som er fødd i 1963 eller seinare. Det er førebels ikkje vedteke nye oppteningsregler for avtalefesta pensjon (AFP), men partane i arbeidslivet er samde om prinsippane for AFP.Mer om Opptening / opptjening du har.

Tenestetid frå andre pensjonsordningar, til dømes kommunale, får du ikkje med deg ved utrekning av vartpengar. Tid frå andre pensjonsordningar som er omfatta av overføringsavtalenOverførings­avtalenHar du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.Mer om Overførings­avtalen, vil likevel verte rekna med når du går over på pensjon.

Kva får eg?

Vartpengane vert rekna ut etter den stillingsstorleiken du hadde ved oppseiing. Vartpengar skal minst tilsvare minstepensjonen i folketrygda, eventuelt med ektefelletillegg. Viss du jobba deltid, vert garantibeløpet redusert forholdsmessig. Til dømes skal ytinga ved 50 prosent stilling minst utgjere 50 prosent av minstepensjonen i folketrygda.

Regulering

Vartpengane vert regulert i takt med endringane i grunnbeløpet i folketrygdaGrunn­beløpGrunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 99 858 kroner per 01.05.2019.Mer om Grunn­beløp.