AFP og inntekt

I søknaden om AFP er det viktig at du gjev oss beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen.

Dersom det viser seg at den reelle arbeidsinntekta di vil avvike med meir enn 15 000 kroner per år frå den sannsynlege inntekta du har oppgjeve, må du gje oss skriftleg beskjed om det. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga.

Utrekning av pensjonsgrad

Beløpet på 15 000 kroner er eit toleransebeløp for eventuell ny utrekning av pensjonen, og ikkje eit fribeløp. Når den pensjonsgjevande inntekta er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, vert pensjonen redusert i forhold til ei utrekna pensjonsgrad. Den nye pensjonsgraden vert berekna ut frå pensjonsgivande inntekt, inkludert toleransebeløpet på 15 000 kroner.

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

(Forventa framtidig inntekt / tidlegare inntekt*) x 100 = X

Vi stryk desimalane og reknar med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.

Redusert AFP vert fastsett ved at full AFP vert multiplisert med pensjonsgraden.

* Tidlegare inntekt vert fastsett av NAV då du tok ut AFP. Tidlegare inntekt vert rekna ut på grunnlag av dei tre beste av dei fem inntektsåra før året før pensjoneringsåret.

Døme 1

Per har teke ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per vert rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Pensjonsgraden til Per er 83.

Kva er inntekt?

All pensjonsgivande inntekt i folketrygda vil føre til avkorting av AFP. Dette inkulderer både lønns- og næringsinntekt, honorar og feriepengar som er tent opp ved sida av delvis AFP.

Inntekt som ikkje er pensjonsgivande i folketrygda, vil ikkje påverke AFP. Det er skattemyndigheitene som fastset kva som er pensjonsgivande og ikkje. Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgivande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.

Den månadlege utbetalinga vert rekna som ei førebels utbetaling. Den endelege berekninga er fyrst klar etter at inntekta som du har meldt, er kontrollert mot likninga for året. Du må sjølv sjekke om du har meldt riktig forventa inntekt - og du må sjølv melde frå om endringar i inntekt til oss.