Overførings­avtalen

Overføringsavtalen skal sikre at arbeidstakarar som har vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar får pensjon som om dei heile tida har vore medlem av ei og same pensjonsordning.

Tilsette som skiftar jobb innanfor offentleg sektor får derfor med seg sine pensjonsrettar over i ny pensjonsordning. Med andre ord slepp dei å tenkje på fripolisar frå ulike arbeidsforhold, slik det er i privat sektor.

Det er oppretta eit Rådgjevande utval (RU) med sju representantar for avtalepartane. Oppgåva til utvalet er mellom anna å følgje drifta i overføringsavtalen og å vere eit høyringsorgan for Statens pensjonskasse, som administrerer overføringsavtalen.

Pensjonsordningar oppretta etter forsikringsvirksomhetsloven kapittel 4 om kommunale pensjonsordninger kan søke om opptak i overøringsavtalen. Send skriftleg søknad om opptak i overføringsavtalen til Statens pensjonskasse v/juridisk seksjon. Søknaden må innehalde ei utgreiing om oppstarten av og historien til pensjonsordninga. Legg ved vedtekter, forsikringsavtale, firmaattest for verksemda i Brønnøysundregistret, meldingar frå Finanstilsynet, rekneskap og siste årsmelding.