Ord og uttrykk

Barnetillegg

Dersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga.

Barnetillegg ved AFP

For deg fødd 1962 eller tidlegare:

  • Viss du får AFP berekna som ei tenestepensjon frå 65 til 67 år, kan du få barnetillegg i pensjonsutbetalinga i denne perioda. Du kan ikkje få barnetillegg før 65 år.
  • For kvart barn utgjer barnetillegget 10 prosent av bruttopensjonen. Pensjonen inkludert tillegg for barna kan ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget.
  • Barnetillegget stansar månaden etter barnet fyller 18 år og kan ikkje forlengjast.

Barnetillegg ved alderspensjon

For deg fødd 1962 eller tidlegare:

  • For kvart barn utgjer barnetillegget 10 prosent av bruttopensjonen. Pensjonen inkludert tillegg for barna kan ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget.
  • Barnetillegget stansar månaden etter barnet fyller 18 år og kan ikkje forlengjast.

For deg fødd 1963 eller seinare

For denne aldersgruppa finst det tre ulike ytingar. Reglane for barnetillegg er ikkje dei same for dessa ytingane. 

  • Viss du har særalderspensjon gjeld det same som for dei fødd i 1962 eller tidlegare. 
  • Viss du har alderspensjon for opptening før 1. januar 2020 gjeld det same som over, men du får tidlegast utbetald barnetillegg månaden etter du fyljer 65 år. 
  • Viss du har alderspensjon for opptening frå 1. januar 2020 får du ikkje barnetillegg. 

Barnetillegget skal ikkje samordnast med ytingar frå folketrygda. 

Barnetillegg ved uførepensjon

For kvart barn som du forsørgjer, får du eit barnetillegg på 4 prosent av pensjonsgrunnlagetPensjonsgrunnlagPensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.Mer om Pensjonsgrunnlag opp til 6 G. Samla barnetillegg kan ikkje overstige 12 prosent av pensjonsgrunnlaget opp til 6 G.

Barnetillegget blir redusert dersom du ikkje har full oppteningstidOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid eller heil uførepensjon.

Barnetillegget stansar månaden etter at barnet fyller 18 år.