Ord og uttrykk

Individuell garanti

Medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar, som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. For å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, må du ha full oppteningstid på 30 år.

Er du fødd til og med 1958 har du ein såkalla individuell garanti. Det inneber at du får det som blir kalla eit garantitillegg for å sikre ein samla alderspensjon frå folketrygda og Statens pensjonskasse (SPK) på 66 prosent av pensjonsgrunnlagetPensjonsgrunnlagPensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.Mer om Pensjonsgrunnlag.

Vilkåret er at du har full opptening. Har du ikkje full opptening, kan samla utbetaling bli lågare enn 66 prosent – sjølv med garantitillegg. 

Vi bereknar garantitillegg som om du tek ut alderspensjon frå folketrygda og SPK til same tid. Om du tek ut alderspensjon frå folketrygda før du tek ut tenestepensjonen, så kan samla utbetaling bli lågare enn 66 prosent, uavhengig om du får garantitillegg eller ikkje.

Er du fødd i åra 1959–1962 har du óg individuell garanti. Men her blir garantitillegget trappa gradvis ned, slik at du ikkje er garantert 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i pensjon. Nedtrappinga skjer gradvis med 10 prosent per årskull. Det betyr at du som er fødd i 1959 får 90 prosent og du som er fødd i 1962 får 60 prosent av garantitillegget.

Garantitillegget for årskulla 1959-1962 blir òg avkorta dersom du ikkje hadde full opptjening i SPK før 01.01.2011. Viss du hadde mindre enn full opptjening før 01.01.2011, blir garantitillegget avkorta med forholdet mellom tenestetid før 01.01.2011 og full tenestetid.

Er du fødd i 1963 eller seinare er du ikkje omfatta av nokon individuell garanti.