Avtalefesta pensjon (AFP)

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei tariffesta førtidspensjonsordning som gjev deg moglegheit til å gå av med heil eller delvis pensjon i tida mellom fylte 62 og 67 år.

Før du søker om AFP

AFP er eit alternativ for deg som ønskjer å trappe ned eller avslutte arbeidslivet før ordinær aldersgrense. Dersom du kan tenkje deg å trappe ned, men ikkje ønskjer å pensjonere deg fullt ut med ein gong, kan du ta ut delvis AFP - viss arbeidsgivar tillet det. 

AFP er ment som ytelse som skal dekke opp for manglende inntekt, ikke et tillegg til inntekt som i privat sektor. Det vil si at for å få AFP så er det et krav at du slutter å jobbe helt eller delvis.

Slik er vilkåra for å ha rett til AFP

For å ha rett til AFP må du oppfylle ein del føresetnader:

  • Du må vere i arbeid heilt frem til du skal ta ut den avtalefesta pensjonen (AFP). Det speler inga rolle om du arbeider heiltid eller deltid. Du kan ha delvis permisjon eller delvis pensjon, og vere heilt eller delvis sjukmeldt.
  • Du har ikkje rett til AFP viss du har heil permisjon, er friteken for arbeidsplikt eller berre har ei formell arbeidsplikt. Du kan heller ikkje få AFP viss du er tidlegare medlem, som vil seie at du ikkje lenger arbeider i ein medlemspliktig stilling.
  • Du må ha hatt minst ti år med opptening av pensjonspoeng i folketrygda frå det året du fylte 50 år til og med det året du tek ut pensjon. Har du ti år med opptening i offentleg tenestepensjonsordning etter fylte 50 år, gjeld ikkje dette kravet.
  • I dine ti beste inntektsår til og med året før du tek ut pensjon, må du ha hatt ei gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt på minst to gonger grunnbeløpetGrunnbeløpGrunnbeløpet i folketrygden, som vi ofte kaller G, blir justert en gang i året og er 111 477 kroner per 01.05.2022.Mer om Grunnbeløp i folketrygda (G).
  • Dei to siste åra før pensjonering må du ha hatt ei pensjonsgjevande inntekt i folketrygda som er minst like stor som grunnbeløpet i folketrygda.
  • Du kan ikkje ha alderspensjon eller etterlatnepensjon frå folketrygda samtidig med AFP. Om du har teke ut alderspensjon eller etterlatnepensjon frå folketrygda, må du kontakte NAV for å stoppe alderspensjonen eller etterlatnepensjon før du tek ut AFP.

Det er NAV som står for administrasjonen av AFP-ordninga for medlemer mellom 62 og 65 år. Frå du fyller 65 år, er det Pensjonsordninga for apotekverksemd som tek over ansvaret for å administrere AFP-pensjonen. 

Heil eller delvis AFP

Du kan ta ut heil AFP så lenge du sluttar heilt å jobbe og ikkje lenger har arbeidsinntekt. Viss du ikkje sluttar heilt å jobbe må du oppfylla visse vilkår for å ha rett til delvis AFP.

  • Du kan ta ut delvis AFP så lenge du reduserer stillinga med minst 10 prosent OG den gjenverande stillingsprosenten utgjer minst 60 prosent av full stilling. Begge vilkåra må vera oppfylt første månaden for at du skal kunna ta ut delvis AFP.
  • Viss du reduserer stillinga di med mindre enn 10 prosent eller held fram i jobb i mindre enn 60 prosent av full stilling, har du ikkje rett på delvis AFP.

Slik søkjer du AFP

Søknad om AFP består av to delar – ein del som arbeidsgivar skal fylle ut, og ein del som du skal fylle ut.

Arbeidsgivaren din fyller ut pensjonsmeldingsskjema seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. Pensjonen startar alltid den første i månaden. Du må sjølv fylle ut eit opplysingsskjema om AFP på www.nav.no og sende skjemaet til NAV. 

Kva må du gjere:

  1. Avtal pensjonsdato med arbeidsgivar. Dersom du ønskjer å fortsette i delvis stilling, må du også avtale stillingsstorleik.
  2. Arbeidsgivaren din må sende melding om pensjon til oss seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. 
  3. Fyll ut opplysingsskjema om AFP som ligg på www.nav.no – og send skjemaet til NAV seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. Vær merksam på at søknaden om AFP ikkje er fullkomen før opplysingsskjemaet er fylt ut og sendt til NAV.

Kva skjer vidare?

  • Gjeld søknaden AFP mellom 62 og 65 år, er det NAV som reknar ut pensjonen, følgjer opp saka og utbetalar pensjonen.
  • Gjeld søknaden AFP frå 65 år, er det Pensjonsordninga for apotekverksemd som reknar ut pensjonen. Sjølve utbetalinga skjer via NAV. 

Les meir om kva informasjon må du ha klar når søknaden skal fyllast ut

Når du blir 67 år, reknar vi pensjonen din om til ein ordinær alderspensjon. Vi reknar ut alderspensjonen etter den oppteningstida og det pensjonsgrunnlaget du hadde då du tok ut AFP. Alderspensjon blir utbetalt frå månaden etter du fyller 67 år.

Hugs at du må òg søkje om alderspensjon frå folketrygda (NAV) frå den 1. i månaden etter du fyller 67 år. 

AFP og inntekt

Du kan velgje å ha inntekt ved sidan av AFP, men i søknaden om AFP er det viktig at du gir beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen fordi pensjonsgraden blir rekna ut i frå inntekta du oppgir.

Dersom det viser seg at den reelle arbeidsinntekta di vil avvike med meir enn 15 000 kroner per år frå den sannsynlege inntekta du har oppgitt, må du gi skriftleg beskjed om det. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga. 

  • Før du fyller 65 år
    Du må melde frå til NAV. Dei vil rekne ut AFP-en din på nytt, med ny pensjonsgrad.
  • Fra du fyller 65 år
    Du må melde frå til Pensjonsordninga for apotekverksemd. Bruk vårt kontaktskjema, og opplys da om ny årsinntekt. Vi vil rekne ut AFP-en din på nytt, med ny pensjonsgrad. 

Meir informasjon finn du her: