Ord og uttrykk

Nedgang i lønn

Dersom du har gått ned til eit lågare lønnsnivå i løpet av den tida du vore medlem i Statens pensjonskasse, kan dette påverke storleiken på alderspensjonen din.

Når vi bereknar pensjonen, tek vi likevel omsyn til at lønna var høgare på eit tidlegare tidspunkt.

Pensjonen blir dermed berekna ut frå både:

  • oppteningstid før nedgang i lønn
  • oppteningstid etter nedgang i lønn 

Full oppteningstid hos oss er 30 år. Dersom den faktiske oppteningstida er lengre enn dette, ser vi bort frå den delen av oppteningstida som gir det lågaste pensjonsgrunnlaget.

Dersom du rakk å oppnå full oppteningstid før lønna gjekk ned, vil du derfor få heile pensjonsgrunnlaget rekna ut frå den høgaste lønna.

Pensjonsgrunnlaget, og dermed verknaden av ein eventuell nedgang i lønn, blir fyrst berekna når du blir pensjonert.