Nav-saka kan ha påverka pensjon frå Statens pensjonskasse

Feiltolkinga av regelverket hos NAV kan indirekte ha påverka uførepensjonen frå oss. Vi er avhengig av å få beskjed frå NAV for å vite kven dette kan gjelde.

Reglane i EØS si trygdeforordning frå 2012, som NAV har feiltolka, gjeld ikkje for Statens pensjonskasse (SPK). Kvar du bur i verda, eller oppheld deg, påverkar ikkje retten til pensjon frå oss.

Men, enkelte av medlemmene våre kan vere indirekte råka av NAV si feiltolking av regelverket. Årsaka er at vi som hovudregel følger NAV sine vedtak.

Vi har tett dialog med NAV

- Vi er i tett dialog med NAV. Dersom NAV har gjort feil som har påverka rettane til nokre av medlemmene våre, vil vi sjølvsagt rette opp i det så raskt vi kan. Men vi er heilt avhengig av å få oversikt frå NAV om kven dette kan gjelde for, seier Finn Melbø, administrerande direktør i Statens pensjonskasse.

Les meir om feiltolking av EØS-reglane på nav.no.