AFP etteroppgjer for 2018

Frå og med februar gjennomfører vi etteroppgjer for avtalefesta pensjon (AFP) for inntektsåret 2018. Når skatteoppgjeret er klart, gjennomfører Statens pensjonskasse etteroppgjer for AFP for å sjekke om du har fått riktig utbetalt pensjon.

Merk at dersom du er mellom 62 og 65 år er det NAV som gjennomfører etteroppgjer. Frå året du fyller 65, er det SPK som bereknar etteroppgjeret.

Kva er etteroppgjer?

I etteroppgjeret samanliknar vi inntektsopplysingane frå skattemyndigheitene, med inntekta som vart lagt til grunn for utbetaling av AFP for dette året.

Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gjekk av med pensjon – avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Då får du anten etterbetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.

Inntekt som skal haldast utanfor oppgjeret

I utgangspunktet skal all pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, også inngå i etteroppgjeret.

Inntekt tent opp før du tok ut AFP skal imidlertid haldast utanfor. Det same gjeld feriepengar frå arbeid fra før du tok ut AFP, men som blei utbetalt i 2018. 

Opplysningane vi får frå Skatteetaten viser all inntekt du har hatt i løpet av året, men viser ikkje når inntekta er tent opp. Det er difor viktig at du gir oss beskjed om inntekt som påverkar oppgjeret.

I brevet frå oss informerer vi om kva slags dokumentasjon du må sende oss, samt frist for innsending, dersom du har inntekt som skal haldast utanfor.

NAV gjennomfører eige etteroppgjer

NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år, og har allereie gjennomført etteroppgjer for 2018.

Frå året du fyller 65 år, er det SPK som gjennomfører etteroppgjeret.