AFP etteroppgjer for 2019 begynner 1. september

Frå og med veke 36 gjennomfører vi etteroppgjer for avtalefesta pensjon (AFP) for inntektsåret 2019. Har du hatt inntekt i tillegg til AFP frå Statens pensjonskasse i 2019 vil du få brev frå oss. Merk at dersom du er mellom 62 og 64 år er det NAV som gjennomfører etteroppgjer. Frå året du fyller 65, er det SPK som bereknar etteroppgjeret.

Kva er etteroppgjer?

Når skatteoppgjeret er klart, gjennomfører Statens pensjonskasse etteroppgjer for AFP for å sjekke om du har fått riktig utbetalt pensjon.

I etteroppgjeret samanliknar vi inntektsopplysningane frå skattemyndighetene, med inntekta som var lagt til grunn for utbetaling av AFP for dette året.

Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gikk av med pensjon – avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Då får du enten etterbetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.

Dei fleste unngår å måtta ettersenda dokumentasjon

Frå og med i fjor fekk vi detaljerte skatteopplysningar frå Skatteetaten. Derfor vil du ikkje få brev frå oss dersom utrekninga viser at det ikkje vil bli noka endring i pensjonen din. Det gjer alt enklare for deg – og for oss.

Dei fleste unngår derfor å måtta ettersenda dokumentasjon til oss. I enkelte tilfelle vil du likevel måtta senda oss dokumentasjon. Dette kan spesielt gjelda for personar med næringsinntekt.

Hugs at det berre er inntekt som er tent opp samstundes med AFP som skal vere med i etteroppgjeret. Sidan mange spør så nemner vi til dømes at feriepengar tent opp samtidig med pensjon ikkje endrar oppgjeret.

Sjå sjekklista vår over ting som kan endra etteroppgjøret og som det er fornuftig å senda oss informasjon om.

Inntekt som skal haldast utanfor oppgjeret

I utgangspunktet skal all pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, også inngå i etteroppgjeret.

Inntekt tent opp før du tok ut AFP skal imidlertid haldast utanfor. Følgande inntekt skal difor ikkje inngå i oppgjeret:

  • Inntekt du hadde før du tok ut AFP første gang.
  • Feriepengar utbetalt i 2019 som kjem frå arbeid før du tok ut AFP.
  • Inntekt opptent etter at du fylte 67 år.

Opplysningane vi får frå Skatteetaten viser all inntekt du har hatt i løpet av året, men viser ikkje når inntekta er tent opp.

I brevet frå oss informerer vi om kva slags dokumentasjon du må sende oss, samt frist fhgor innsending, dersom du har inntekt som skal haldast utanfor.

NAV gjennomfører eige etteroppgjer

NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år, og har allereie gjennomført etteroppgjer for 2019.

Frå året du fyller 65 år, er det SPK som gjennomfører etteroppgjeret.