Digitale kurs i eit utfordrande år

SPK tilbyr no digitale kurs ut 2020. Kursa erstattar dei fysiske kursa som var planlagt for resten av året. Etter sju månader med digitale kurs har vi fått god erfaring i å halde pensjonsopplæring på nett, seier Henk Sivertsen, avdelingsleiar for kurs i SPK.

mann holder kurs fra scene

Kurs og konferanseavdelinga i SPK arrangerat vanlegvis store kurs over heile landet. Her er avdelingsleiar Henk Sivertsen på scena i Bergen.

Det er utfordrande å drive ekstern kursverksemd i 2020. Kursavdelinga i SPK er vane med å vere «på vegen» heile tida og møte medlemmer og andre som er interessert i pensjon over hele landet.

- Det har vært ein stor overgang med heimekontor og eit nedstengt samfunn, men vi har snudd oss rundt og har levert digitale kurs allereie frå mars i år. No, etter 7 månader med læring og erfaring, er vi enda betre forberedd til å tilby gode digitale kurs, seier Henk Sivertsen.

I haust begynte SPK igjen å tilby fysiske kurs. Håpet var at den positive smitteutviklinga frå sommaren skulle halde seg. Dessverre så er vi alle litt tilbake til «start» på grunn av pandemiens utvikling. Vi har difor avlyst alle dei fysiske kursa fram til 2021 og erstatta dei med digitale kurs. Se under for ein oversikt over kursa.

Eit betre 2021?

- Vi satsar på at 2021 blir eit betre år på alle moglege måtar, og har satt opp ei full rekke av fysiske kurs. Kurskalenderen ligg ute på SPK.no. Vi kjem også til å satse vidare på digitale kurs, for våre erfaringer med disse kursa har  vært gode, seier Henk Sivertsen.

Oversikt over digitale kurs

  • Digitalt pensjonsseminar 10. november
  • Digitalt pensjonsseminar 19. november
  • Digitalt HR-kurs 24. november
  • Digitalt medlemskaps- og rapporteringskurs 2. desember
  • Digitalt pensjonsseminar 9. desember
  • Digitalt pensjonsseminar 8. januar 2021

 

Se ei oversikt over alle kurs på SPK.no.