Statens pensjonskasse skal støtte NAV

Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevande tid. Dagleg mottar NAV tusenvis av søknadar om dagpengar, og trykket på saksbehandlarene i NAV er høgt. Statens pensjonskasse (SPK) har difor gjett NAV tilbod om 12 saksbehandlare til å støtte saksbehandlinga av søknadar om dagpengar.

NAV-direktør Sigrun Vågeng seier ho er svært glad for støtta frå Statens pensjonskasse.

- Vi ser fram til å få 12 dyktige og erfarne saksbehandlare som raskt kan sette seg inn i våre oppgaver og hjelpe folk som har kommen i ein vanskeleg situasjon no. Vi er veldig takknemlege for at Statens pensjonskasse stiller opp, seier Vågeng.

Etatane er no i dialog om korleis dette skal lausast i praksis. Oppstart blir frå 1. mai med eit tidsperspektiv på 3-6 månader.

- Vi ønsker å bidra i den store dugnaden. Statens pensjonskasse har per no tilnærma normal drift, sjøl om nesten alle tilsette jobbar heimanfrå. Dette har gjort det mogleg for oss å tilby NAV støtte i den viktige oppgava med å hjelpe folk som har kommen i ein akutt vanskeleg situasjon. At vi hjelper NAV i ei periode, skal ikkje gå ut over det vi leverer til kundane og medlemmene våre, seier administrerande direktør Finn Melbø i SPK.

Portrett av Sigrun Vågeng, administrerende direktør i NAV Portrett av Finn Melbø, administrerende direktør i Statens pensjonskasse
Sigrun Vågeng, Arbeids- og velferdsdirektør. Foto: Eivind Skifjeld Finn Melbø, administrerande direktør i Statens pensjonskasse. Foto: Sivert Almvik/SPK

 

Trykk på bilda for å laste ned. Pressebilder må krediterast fotograf.