Nyheter

Endring i regulering av pensjon for 2021

Stortinget vedtok før jul nye prinsipp for regulering av alderspensjon frå folketrygda for 2021.

Publisert 03.05.2021

Pensjonar blir regulerte årleg slik at dei opprettheld verdien over tid. Pensjonane blir regulerte med verknad frå 1. mai. I reguleringa i 2021 blir det gitt ein kompensasjon som om dei nye reglane hadde vore gjeldande frå 1. mai 2020. Kompensasjonen gjeld deg som mottek alderspensjon frå folketrygda og frå oss samtidig.

Dette er nytt for 2021

  • Slik skal pensjonen regulerast i 2021: alderspensjonen frå folketrygda skal regulerast med eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten i samfunnet. I tillegg kjem kompensasjonen nemnt ovanfor.
  • Slik blei pensjonen regulert tidlegare: sidan pensjonsreforma blei innført i 2011, har alderspensjon under utbetaling auka med lønnsvekst med eit fråtrekk på 0,75 prosentpoeng.
  • Dette er forskjellen: i 2021 skal pensjonen regulerast med eit gjennomsnitt av pris- og lønnsvekst, ikkje berre basert på lønnsvekst aleine.

Offentleg tenestepensjon skal også regulerast

Desse pensjonane frå oss skal regulerast på same måte som nemnt ovanfor:

  • Alderspensjon (gjeld også dei som har særalderspensjon)
  • Offentleg AFP
  • Attlevandepensjon om du er 67 år eller eldre

Pensjonen blir i år regulert i midten av mai

Den årlege reguleringa av pensjonar ser ut til å kunne bli gjennomførd frå 20. mai. Pensjonane blir då justert med verknad frå 1. mai 2021. Tidspunktet er ikkje helt avklart i regelverket enda, men vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg.