Nyheter

Etteroppgjer for uførepensjon og AFP

Frå og med veke 40 gjennomfører Statens pensjonskasse etteroppgjer for uførepensjon og AFP for inntektsåret 2020.

Publisert 04.10.2021

Etteroppgjer for uførepensjon

SPK bereknar og utbetaler uførepensjon basert på informasjon om kva du forventar å tene. Dette er informasjon vi får frå arbeidsgivar eller deg som er pensjonsmottakar.

Nå når skatteoppgjeret er klart, sjekkar vi om du har fått riktig uførepensjon ut frå den inntekta du faktisk har hatt samtidig med uførepensjon i 2020. Har du fått for mykje eller for lite pensjon, får du eit etteroppgjer.

Les meir om etteroppjer for uførepensjon

Etteroppgjer for AFP

Kvart år når skatteoppgjeret er klart, sjekker vi om du har fått riktig pensjon ut frå den inntekta du har oppgitt. Dersom du har fått for mykje eller for lite i pensjon, får du et etteroppgjer.

Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gikk av med pensjon – avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Då får du enten etterbetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.

Les meir om etteroppgjer for AFP 

Vi informerer via brev og epost

Hvis du får etteroppgjer for uførepensjon, så får du brev frå oss. Vi kan dessverre ikkje informere om resultatet før du har fått brev frå oss.

Hvis du får etteroppgjer for AFP, så får du enten brev eller epost frå oss. Vi kan dessverre ikkje informere om resultatet før du har fått brev frå oss.

NAV gjennomfører eige etteroppgjer

Mottar du uføretrygd frå folketrygda, gjennomfører NAV eige etteroppgjer.