Litt ekstra til alderspensjonistar i 2021

Stortinget vedtok i sommar at alderspensjonistar skulle få justert pensjonen litt ekstra i år. Endringa er på 0,25 prosent. Omrekninga av pensjonen skjer 20-21. november.

17. juni 2021 vedtok Stortinget ein høgare omrekningssats for alderspensjonistar enn i det ordinære trygdeoppgjeret. Vedtaket i Stortinget inneber ein auke i årleg vekst for alderspensjon under utbetaling frå 3,58 prosent til 3,83 prosent for 2021.

Endringa gjeld:

  • Alderspensjon etter fylte 67 år
  • Særalderspensjon før 67 år
  • AFP
  • Ektefellepensjon etter 67 år

Sidan endringa er såpass liten vil det gi små utslag i etterbetalingen frå Statens pensjonskasse. Statens pensjonskasse vil gjennomføre omrekninga samtidig med NAV.