Nyheter

Streik og pensjon

Fleire har kontakta oss då dei lurer på om dei kan miste pensjonsopptening dersom dei blir tekne ut i den pågåande streiken. Svaret er kort og godt nei.

Publisert 03.06.2021

Lærer som tegner med kritt på tavle

Frå onsdag 2. juni er over 22 000 lærarar og helsearbeidarar tekne ut i streik. Mange har kontakta kundesenteret vårt for å høyre om dette vil ha konsekvens for pensjonsoppteninga deira.

Hos oss er reglane enkle; blir du teken ut i streik får du medrekna tenestetid i inntil tre år. Arbeidskonfliktar varer sjeldan lenge. Det betyr at du beheld pensjonsoppteninga så lenge du streikar.

Rett til AFP blir påverka av streik

Likevel bør du vere klar over at det å bli teke ut i streik påverkar retten til avtalefesta pensjon (AFP).

For å ha rett på AFP må du stå i medlemspliktig stilling heilt fram til du tek ut pensjonen. Er du teken ut i streik står du ikkje i medlemspliktig stilling, sjølv om du altså får medrekna tenestetid. AFP-vilkåret er dermed ikkje oppfylt.

Normalt blir det teke omsyn til dette, slik at arbeidstakarar som har søkt om å gå av med AFP ikkje blir ut teke i streik.

Lær meir om AFP her: AFP (Avtalefestet pensjon)