Renta på bustadlån sett opp til 1,490 prosent frå 1. mars

Skattedirektoratet har berekna ny nominell rente på bustadlån som gjeld frå 1. mars.

Frå 1. mars 2022 blir renta på bustadlån i SPK sett opp frå 1,292 til 1,490 prosent. Bustadlånskalkulatoren vår blir da samstundes oppdatert med den nye renta, slik at du enkelt kan samanlikne vilkår og kostnadar. 

Effektiv rente på eit lån på kr 2 000 000, annuitet med 20 års nedbetalingstid, er 1,565 prosent. Effektiv rente på eit lån på kr 2 300 000, annuitet med 20 års nedbetalingstid, er 1,556 prosent. 

Les meir om bustadlånsordninga