Leiinga

I toppleiargruppa sit administrerande direktør saman med leiarane for dei fire forretningsområda og dei fem støtteområda i SPK.

Tomas Berg. Foto: ASDTomas Berg, administrerande direktør

Tomas Berg er administrerande direktør i Statens pensjonskasse frå 1. mai 2020. Han kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef og leiar av Pensjonsavdelingen i Arbeids- og sosialdepartementet. 

Berg er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Han starta i det dåverande Sosialdepartementet i 1988. Frå 2006 leia han Pensjonsavdelingen, som har ansvar for blant anna pensjonsregelverket i folketrygda og i dei offentlege tjenestepensjonsordningane, samt departementets styring av Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn.

Direktørgruppa i SPK
Leiinga i Statens pensjonskasse i 2020:
Frå venstre: Per Wold (direktør for IT-området), Ole Martin Gudesen (direktør for program og prosjektutviklingsområdet), Kari Lund (direktør for kapitalforvaltningsområdet og verksemdstyringsområdet), Lise Løwe (direktør for kunde- og marknadsområdet), Finn Melbø (administrerande direktør fram til 1. mai), Jeanette Christensen (direktør for kommunikasjonsområdet), Harald Lundh (direktør for pensjoneringsområdet), Ole M. Sørlie (direktør for forsikrings- og produktområdet) og Anne Solvang Hoff (direktør for HR-området).