Moglegheiter og tilsettgode

I Statens pensjonskasse (SPK) får du faglege utfordringar, ein arbeidsgivar som gir deg ansvar, og kollegaer som vil sjå deg lukkast .

Bilde av smilende SPK ansatt

Karriere og utvikling

Med 420 tilsette er vi små nok til at du kan vere med å påverke og gjere ein forskjell, og store nok til at vi har fagleg mangfald og fleire større leiande fagmiljø.

I SPK legg vi til rette for kompetanseutvikling og læring. Vi har opplæringsløp og kurs tilpassa ulike roller og fagmiljø, i tillegg til eit eige medarbeidar- og leiarutviklingsprogram.

Mange av medarbeidarane våre grip sjansen til å jobbe i prosjekt og prøve seg på nye arbeidsoppgåver i ulike delar av organisasjonen. Vi har kurshaldarar som har jobba på kundesenteret, og prosjektleiarar og fagansvarlege som har bakgrunn som saksbehandlarar. Møt nokre av våre tilsette.

I SPK er det mogeleg å byggje karriere på å flytte seg på tvers i organisasjonen, så vel som oppover. 

Mange blir hos oss lenge. Medarbeidarundersøkingar viser at vi som jobbar her er engasjerte og stolte av å jobbe i SPK, og vi scorar høgt på støtte frå kollegaer.

Sjå våre ledige stillingar (webcruiter.no) 

Mangfaldig og tverrfagleg arbeidsmiljø

Hos oss jobbar det scrummastere, økonomar og juristar, aktuarar og arkivarar, lærarar og løysingsarkitektar, kommunikasjonsfolk, saksbehandlarar og IT-utviklarar.

Vi har det største fagmiljøet i landet innan offentleg tenestepensjon. Det betyr ikkje at vi "berre" er opptekne av pensjon. Vi har eit stort og offensivt IT-miljø med rundt 120 medarbeidarar som jobbar smidig og i tett samarbeid med resten av organisasjonen. Tverrfagleg samarbeid er heilt nødvendig for at vi skal kunne levere gode tenester til medlemmene våre.

Hos oss vil du både møte nyutdanna kollegaer som er ivrige etter å lære nye ting, og erfarne kollegaer som har jobba lenge og har spisskompetanse på fagområda sine. Hos oss blir ny kunnskap blanda med erfaring og vi har tilsette i alle aldrar og livsfasar. 

Fleksibilitet

I SPK er vi er opptekne av at tilsette skal ha ein god balanse mellom jobb, fritid og familieliv. Vi praktiserer fleksibel arbeidstid og moglegheiter for å avspasere. I perioden 15. mai - 14. september har vi sommartid (kl. 8-15).

Vi tilrettelegg for medarbeidarar i ulike livsfasar og har fleksible ordningar for heimekontor og permisjon. SPK har også heildigitale IKT-løysingar som gjer det mogeleg å jobbe kvar som helst.

Kultur, sport og aktivitetar

Eit godt arbeidsmiljø omfattar meir enn fagleg interessante og utfordrande kvardagar. I SPK kan du også delta i utanomfaglege sosiale og sportslege aktivitetar.

Vi har ein Sportsklubb som blir driven av og for tilsette. Dei arrangerer sommar- og vinterfest, quiz og lønningstreff. “Sport” er derfor eit utvida kulturomgrep hos oss.

Vi har eit fotballag i bedriftsserien, og stiller som regel i Holmenkollstafetten og Sentrumsløpet. Vi har også ein gjeng som speler innebandy, og ivrige syklistar. To gonger i veka kan du delta på treningstimar på eit treningssenter rett i nærleiken. 

Gode pensjon-, lån- og forsikringsordningar

Som tilsett hos oss får du ein offentleg tjenestepensjon som gir økonomisk tryggleik. I tillegg til fordelane ved ein offentlig pensjonsordning, får du ekstra gode betingelser på bustadlån og forsikring. Du er sikra om du blir sjuk eller skada, eller om du vil trappe ned før slutten av arbeidslivet. Dine nærmaste er sikra om du skulle dø. 

Les meir om medlemsfordelene i SPK