Om Statens pensjonskasse

SPK administrerar tjenestepensjonsordninger for over én million medlemmer i ca 1300 medlemsvirksomheter. Kvar månad sørgjer vi for at 300.000 pensjonister får utbetalt pensjon. Vi administrerer óg forsikringsordningar og bustadordning på vegne av staten.

Statens pensjonskasse (SPK) er ei forvaltingsbedrift under Arbeids- og sosialdepartementet. Vår oppgåve er å levere pensjon, forsikring og bustadlån på ein enkel og effektiv måte til ansatte i staten, skuleverket og verksemder som har ei tilnknytning til det offentlege. 

Vi administrerer og Pensjonsordningen for apotekvirksomhet, samt særskilte pensjonsordningar for blant anna Den Norske Opera & Ballett, stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, Sametinget og ledsagarar i utenrikstenesta. 

Vår viktigste leveranse er tryggleik 

Ordningane er ein viktig del av sparing til alderspensjon og ei forsikring ved uførleik og for etterlatte ved dødsfall. For arbeidsgivarane er pensjonsordninga viktig i rekruttering av  nye medarbeidarar. 

Samfunnsoppdraget vårt 

Vårt samfunnsoppdrag er nedfelt i Lov om Statens pensjonskasse. Oppgåvene våre blir definert i instruks og det årlege tildelingsbrevet frå  Arbeids- og sosialdepartementet. 

Vi mottek tildelingsbrevet i desember, etter at Stortinger har vedteke statsbudsjettet. Sjå Tildelingsbrev for 2021 (.pdf)

Vi skal 

  • utbetale rett ytelse til rett tid
  • fastsetje og kreve inn rett premie til rett tid
  • sørge for at tenester og informasjon er tilpassa verksemdene og medlemane sine behov
  • sørge for effektiv drift
  • sørge for god gjennomføring av reformer

Det siste punktet er særleg knytta til innføring av nytt samordningsregelverk for dei som er født 1954 og seinare, samt innføring av ny offentleg tenestepensjon for årskull 1963 og seinare. 

Nøkkeltal og statistikk 

SPK administrerar opptjente pensjonsrettigheter på 570 milliarder kroner. I 2020 utbetalte vi 29,9 milliarder kroner i pensjoner. 

Vi administrerar óg forsikringsordningar på vegne av staten. I 2020 utbetalte vi 307 millioner kroner i personskade- og gruppelivserstatning. 

SPKs medlemar og pensjonistar kan søkje om bustadlån på inntil 2 300 000 kroner med sikkerheit i eigen bustad. Ved utgangen av 2020 hadde 38 900 personar bustadlån i SPK. 

Nøkkeltal for Statens pensjonskasse 

Strategi 2019 – 2023: Enklare for brukarane

Mange opplever at pensjon er vanskeleg. Brukarane forventar stadig meir av oss; meir innsikt, meir informasjon, meir sjølvbetjening, digitale svar 24/7. Pensjonsreforma gjer samtidig ting meir kompliserte og aukar informasjonsbehovet. Likevel har vi satt oss mål om å gjere pensjon enklere for brukarane. 

Våre strategiske mål 

  • Levere forventa kvalitet til rett tid
  • Gjere kundar og medlemar sjølvbetjente 
  • Vere den mest kostnadseffektive pensjonsleverandøren
  • Gjere pensjon enkelt 
  • Følgje bransjestandard
  • Bidra aktivt til fellesløysingar

Ei viktig forutsetning for å nå måla våre er å involvere brukarane og skaffe oss innsikt i kva dei treng. Då kan vi gjere tenestene og systema enklare å bruke slik at brukarane finn og forstår informasjonen dei treng for å ta gode pensjonsvalg.

Våre verdiar

  • Forbedre: Vi søkjer ny kunnskap og lærer for å gjere kvardagen bedre for brukarane og kollegaer.

  • Samhandle: Vi deler kunnskap og er gode lagspillarar, til beste for samfunnet, brukarane og oss sjølv.

  • Levere: I alt vi gjer har vi fokus på brukarane våre. Vi veit kva dei forventar av oss - og leverer som avtalt.