Organisasjon og leiing

Statens pensjonskasse vert leia av administrerande direktør Tomas Berg. Vi er organisert i fire forretningsområde og fem støtteområde. I toppleiinga sit administrerande direktør saman med direktørane for områda. Vi held til på Skøyen, Oslo.

Organisasjonskart SPK 2020 web.png

Leiinga

 

Tomas BergTomas Berg, administrerande direktør

Tomas Berg er administrerande direktør i Statens pensjonskasse frå 1. mai 2020. Han kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef og leiar av Pensjonsavdelingen i Arbeids- og sosialdepartementet. 

Berg er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Han starta i det dåverande Sosialdepartementet i 1988. Frå 2006 leia han Pensjonsavdelingen, som har ansvar for blant anna pensjonsregelverket i folketrygda og i dei offentlege tjenestepensjonsordningane, samt departementets styring av Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn.

 

Harald LundhChristian Gabor, fung. direktør for pensjonerings­området

Christian Gabor er utdanna økonom og har lang fartstid frå bank og finans. Han har vore leiar for ulike produkt- og produksjonsavdelingar i Nordea, og jobba med prosessutvikling, organisasjonsutvikling og produksjonsstyring for ulike bank og finansinstitusjoner. Han kom frå Storebrand til SPK i 2016, og har leia pensjoneringsseksjonen med over 100 medarbeidarar fordelt på fem avdelingar. Han er frå 15. mai 2021 fungerande direktør for pensjoneringsområdet.

 

Lise LøweLise Løwe, direktør for kunde- og marknadsområdet

Diplomøkonom frå BI. I perioden 1981-1999 jobba Lise Løwe i Postbanken, der ho hadde ulike funksjonar – før ho vart avdelingssjef for Elektronisk Betalingsformidling. I perioden 1999-2003 var ho rådgjevar og avdelingsleiar i Cap Gemini Ernst & Young, med ansvar for kunde- og marknadsstrategiar (CRM). Ho kom til Statens pensjonskasse som direktør for pensjonsområdet i 2004.

 

Ole M. SørlieOle M. Sørlie, direktør for forsikrings- og produktområdet

Utdanna siviløkonom frå Lunds universitet i Sverige. Ole M. Sørlie har lang erfaring frå livsforsikringsbransjen, mellom anna frå sal og forretningsutvikling som assisterande direktør i Storebrand livsforsikring. Han var i perioden 2004 til 2006 dagleg leiar for Pekon AS, som tilbyr NRS utrekningar og pensjonskassetenester. Før han kom til Statens pensjonskasse hausten 2012, var han produktdirektør for innskotspensjon i DNB forsikring.

 

Kari LundKari Lund, direktør for verksemds­styring og kapital­forvaltning

Siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, med etterutdanning innan finans, strategi og leiing. Kari Lund har variert erfaring innan økonomi, finans, marknadsutvikling og forretningsutvikling frå DnB. I 2001 vart ho viseadministrerande direktør og leiar for Privatdistribusjon i Storebrand Bank, og deretter prosjektdirektør Strategi i Storebrand ASA - før ho kom til oss som økonomidirektør i 2005. Styreverv innan privat og offentleg sektor.

 

Jeanette ChristensenJeanette Christensen, direktør for kommunikasjons­området

Utdanning innan marknadsføring, medievitskap og kommunikasjon. Jeanette Christensen har variert erfaring frå 19 år i Husbanken, der ho mellom anna var leiar for kommunikasjonsstab og avdelingsdirektør for området kommunikasjon, utvikling og læring i Husbanken region Øst. I 2013 blei ho kommunikasjonssjef i Forsvarsbygg Skifte eigedom, og frå 2014 kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg - før ho kom til oss som direktør for kommunikasjonsområdet i oktober 2018.

 

Anne Solvang HoffAnne Solvang Hoff, direktør for HR-området

Cand. mag. frå Universitetet i Oslo. Anne Solvang Hoff har erfaring frå HR og organisasjonsutvikling i Alcatel-konsernet, og ho var studiesjef for MBA-studiet på Oslo handelshøyskole - før ho gjekk over som programdirektør for Master of Management-studiet ved Handelshøyskolen BI (1994 – 2001). Frå 2001 var ho seniorrådgjevar med ansvar for leiar- og kompetanseutvikling i Forsvarsbygg. Ho kom til Statens pensjonskasse i 2007.

 

Per WoldPer Wold, direktør for IT-området

Er sivilingeniør frå NTNU, og dessutan utdanna bedriftsøkonom frå Handelshøyskolen BI. Per Wold har brei erfaring frå IT-bransjen, og var mellom anna avdelingsleiar og sjefskonsulent i IT-selskapet Mogul før han kom til Statens pensjonskasse som seksjonsleiar for IT-system i 2003. I 2009 vart han leiar for IT-arkitektur og prosessutvikling i Statens pensjonskasse, og sidan november 2012 har han vore IT-direktør hos oss.

 

Ole Martin GudesenOle Martin Gudesen, direktør for program og prosjektutvikling

Handelsøkonom frå Oslo Handelshøyskole. Over 20 års erfaring med offentleg tenestepensjon, både som fag- og utviklingssjef. Frå 2008-12 var han ein del av prosjektleiinga for det største utviklingsprosjektet i SPK gjennom tidene, Perform. Dei siste 7 åra har han leia utviklingsarbeidet i SPK. Frå januar 2018 har han vore programleiar for SPK sitt pensjonsprogram, og tiltrødde 1. september som direktør for det nyoppretta området for program- og prosjektutvikling.