Kva er pensjon?
Alderspensjon handlar om å sikre deg ei stabil inntekt når du ein dag sluttar å jobbe. Den består vanlegvis av fleire delar, avhengig av kor gammal du er, kor lenge du har jobba, og kva arbeidsgivarar du har jobba for i yrkeskarrieren din.
Alderspensjonen din er ein kombinasjon av pensjon frå folketrygda (Nav), tenestepensjon og egen sparing. Tenestepensjon er pengar arbeidsgivarane dine sparer for deg.
For deg som er medlem i Pensjonsordningen for Apotekverksemd (POA), vil pensjonen din vanlegvis bestå av tre hovudelement:
- Alderspensjon frå folketrygda (Nav)
Pengar som staten sparar for deg - utgjer som oftast det største bidraget til pensjonen din. - Tenestepensjon frå POA
Pengar som dine arbeidsgivarar sparar for deg – tenestepensjonen frå POA - Eigen sparing
Pengar du sparar sjølv - for eksempel i pensjonskonto eller andre investeringar.
Pensjonen frå folketrygda og tenestepensjonen frå POA påverkast ikkje av børs eller renter, og dei betalast livet ut. Forvaltninga av pengane er også noko som handterast av Nav og POA. Du treng ikkje gjere noko.
Slik er tenestepensjonen frå POA
- Du tener opp pensjon etter kor mange år du har arbeida, og full opptening er 30 år som medlem.
- Du kan som regel ta ut alderspensjon frå månaden etter du fyller 67 år
- Du må trappe ned eller slutte heilt i stillinga di for å få alderspensjon utbetalt
Korleis kan du påverke pensjonen din?
Du kan ta val som gjer at du får mest mogleg i pensjon:
- Jobb lenger: Du tener opp til pensjon så lenge du står i jobb, heilt frem til du fyller 70 år.
- Utsett uttak av pensjon: Dersom du ventar med å ta ut pensjon, blir årlege utbetalingar høgare, fordi dei blir fordelt på færre år.
Kor mykje får eg i pensjon?
Mange veit ikkje kor mykje dei kan få i pensjon, eller korleis dei kan påverke beløpet. Difor har vi utvikla ein enkel og praktisk pensjonskalkulator som dei fleste av medlemmane våre kan bruke. Der kan du sjå nøyaktig kor mykje du har tent opp, og kva du kan få i pensjon ved ulike tidspunkt.
Bruk pensjonskalkulatoren: Logg inn på spk.no/apotekordningen for å sjå kor mykje pensjon du har opptent, og kva ulike val vil bety for deg. Her er lenka direkte til Pensjonskalkulatoren (Du må logge inn)