Etteroppgjer for AFP
Kvart år når skatteoppgjeret er klart, sjekker vi om du har fått riktig pensjon ut frå den inntekta du har oppgitt. Dersom du har fått for mykje eller for lite i pensjon, får du et etteroppgjer.
- Nav reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år
- Frå året du fyller 65 år er det Pensjonsordninga for apotekverksemd som reknar ut etteroppgjeret.
I etteroppgjeret samanliknar vi inntektsopplysningane frå skattemyndighetene med inntekta som var lagt til grunn for utbetaling av AFP for dette året.
Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gjekk av med pensjon – avvik med meir enn 32 247 kroner (0,26 G) frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Dette er det såkalla toleransebeløpet. Frå og med 1. januar 2025 blei dette beløpet auka frå 15 000 kroner til 0,26 G. Ved retting får du anten etterbetalt pensjon frå oss, eller du må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.
Dei fleste unngår å måtte ettersende dokumentasjon
Frå og med 2020 får vi detaljerte skatteopplysningar direkte frå Skatteetaten. Derfor vil du ikkje få brev frå oss dersom utrekninga viser at det ikkje vil bli noka endring i pensjonen din. Det gjer alt enklare for deg – og for oss.
Dei fleste unngår derfor å måtte ettersende dokumentasjon til oss. I enkelte tilfelle vil du likevel måtte sende oss dokumentasjon. Dette kan spesielt gjelde for personar med næringsinntekt.
Hugs at det berre er inntekt som er tent opp samstundes med AFP som skal vere med i etteroppgjeret.
Sjå sjekklista vår over ting som kan endre etteroppgjeret og som det er fornuftig å sende oss informasjon om. Sidan mange spør, nemner vi til dømes at feriepengar tent opp samtidig med pensjon skal inngå i etteroppgjeret.
Pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, skal også inngå i etteroppgjeret. Dette gjeld blant anna:
- arbeidsinntekt frå privat og offentleg verksemd
- styrehonorar
- honorar frå ulike tillitsverv
- feriepengar som er opptent frå arbeid du har utført etter at du tok ut heil eller delvis AFP første gong.
Med pensjonsgivande inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda, eller inntekt av same type frå utlandet.
Du kan sende dokumentasjonen via vårt sikre kontaktskjema på "mine sider".
NB! Ikkje send inn lønnsslipp som dokumentasjon. Vi treng berre ei stadfesting frå arbeidsgivar eller den som har utbetalt inntekta. Stadfestinga må innehalde punkta under:
- Inntekt før skatt
- Inntekta er opptent i periode: (frå og med dato => til og med dato)
- Tidspunkt for utbetaling: (månad og år)
Viss det dreier seg om ei spesiell inntekt som skal haldast utanfor etteroppgjeret, som arbeid relatert til flyktningar frå Ukraina eller enkelte typar erstatningsoppgjer, må dette også komme tydeleg fram.
Inntekt som ikkje påverkar pensjonen din
Inntekt du har tent opp før du tok ut AFP, og inntekt opptent etter at du fylte 67 år, påverkar ikkje AFP. Slik inntekt skal dermed haldast utanom etteroppgjeret.
Dette gjeld:
- inntekt du hadde før du tok ut AFP første gong
- feriepengar som stammar frå arbeid utført før AFP starta
- inntekt opptent etter at du fylte 67 år.
I dei fleste høve vil inntektsopplysningane vi har innhenta vise kva som skal haldast utanom.
Innbetaling av krav
Viser etteroppgjeret at du har fått utbetalt for mykje pensjon, vil vi som hovudregel trekkje i framtidige utbetalingar i AFP og/eller alderspensjon frå folketrygda.
Du kan auke trekket eller innbetale heile beløpet på ein gong
Dersom du ønsker å betale heile kravet på ein gong, eller ønsker at vi trekkjer eit høgare månadsbeløp, ta kontakt med oss via vårt sikre kontaktskjema på "mine sider".