Nyheiter

Utsending: Medlemskapen din i 2023

I april og mai sender vi ut ei oversikt over medlemskapen i SPK til 220 000 medlemmer. Du får oversikta, som vi tidlegare kalla årsoppgåve, om du er i aktiv jobb og hadde pensjonsopptening hos oss i 2023.

Publisert 08.04.2024

Vi ønsker å gjere deg merksam på kva lønns- og stillingsopplysingar arbeidsgivaren din har sendt til oss for 2023. Samstundes får du anna nyttig informasjon om pensjon og medlemskapen din i Statens pensjonskasse.

Du finn opplysningane ved å følge lenka i e-posten som kjem frå oss, eller ved å logge deg inn på spk.no. Der finn du nyttig informasjon om pensjon og ei oversikt over arbeidshistorikken din frå i fjor. Du kan også sjekke historikken din frå tidlegare år.

Merk: Vi sender oversikta til alle som er fødde i 1963 og seinare, men ikkje til deg som jobbar i ei stilling med særaldersgrense. Det er fordi pensjonsreglane for særalder ikkje er vedteke enno. 

Logg deg inn på medlemsoversikta via lenka i e-posten eller gå direkte til innlogga sider her.

Slik ser medlemsoversikta ut når du logger deg inn

Illustrasjon som viser skjermbilde fra innlogget side

Sjekk opplysingane slik at pensjonen din blir rett

Det er viktig at du sjekkar at opplysningane vi har er korrekte. Det er arbeidshistorikken som er utgangspunktet for pensjonsbehaldninga og pensjonen din. Om du ser feil i historikken, tar du kontakt med arbeidsgivar slik at dei kan sende oss riktig dokumentasjon.

Når du har logga inn på spk.no, kan du samtidig prøve pensjonskalkulatoren og sjå kva pensjon du kan få. Sjekk korleis pensjonen endrar seg når du vel ulik alder for å ta ut pensjon og slutte å jobbe. Du kan endre vala og berekne pensjon i kalkulatoren så mange gonger du vil.

Pensjon er annleis enn før 

For deg som er fødd i 1963 og seinare, er pensjon annleis enn før:

  • Du kan jobbe og ta ut pensjon samtidig, og du må ikkje slutte å jobbe for å få pensjon.
  • Ta ut pensjon og gå av med pensjon er to ulike ting. Du kan ta ut pensjon og halde fram med å jobbe. Eller du kan slutte i jobben og gå av med pensjon.
  • AFP er ikkje lenger ein tidlegpensjon, men ein del av den totale alderspensjonen din. Du beheld AFP-en resten av livet, sjølv om du ventar nokre år med å ta ut pensjon.