Storting og regjering

Pensjonsordninga for stortings- og regjeringsmedlemmer

Statsministeren, statsrådar og stortingsrepresentantar har ei pensjonsordning som stort sett følger den vanlige pensjonsordninga til statstilsette. Ordninga gir rett til alderspensjon, uføre- og etterlatnepensjon samt yrkesskadeforsikring.

presentasjon
Foto: Stortinget.no
presentasjon

Ordninga for alderspensjon følger prinsippa frå folketrygden.

Lova tredde i kraft i 2012, med ulike overgangsordningar. Den gir fleksibilitet, og du kan velje å ta ut pensjonen fleksibelt frå 62 år. Les meir om dei ulike ordningane under. Bruk fanene for å velge.

Uførepensjon for regjeringsmedlemmar og stortingsrepresentantar

Har du opptening som stortingsrepresentant eller statsråd, kan du ha rett til økonomisk støtte når du ikkje kan jobbe på grunn av sykdom eller skade. Les meir om ordninga her: Uførepensjon for stortings- og regjerings­medlemmer

Pensjon for etterlatne

Om eit medlem i ordninga for stortingsrepresentantar og statsrådar dør, kan dei etterlatne ha rett til utbetaling frå gruppelivsordninga og til jevnlige utbetalinger i form av etterlatnepensjon. 

Denne ordninga følger dei vanlege reglane for etterlatnepensjon for medlemmar i SPK, men oppteningstid og pensjonsgrunnlag bereknast etter reglane som gjeld for stortingsrepresentantar og statsrådar. Les meir om ordninga her: Etterlatnepensjon

Service og rettleiing til regjeringsmedlemmar og stortingsrepresentantar

Vi har oppretta eige telefonnummer og e-postadresse for stortingsrepresentantar som har spørsmål om pensjonsordninga:

Kva må du gjere for å få pensjon?

For å få pensjon må du sende inn søknadsskjema til oss.

Du kan også få søknadsskjemaet ved å ta kontakt med oss eller til Stortingets administrasjon.

Klagerett

Klageretten er regulert av reglane i lov om anke til Trygderetten.