Presse

Vi er Norges største leverandør av offentleg tenestepensjon, med over ein million medlemmer. Kvar femte nordmann har ein rett i SPK.

Portrett av smilende kvinne og smilende mann
Foto: Ilja C. Hendel

Spør ekspertane våre

Beate og Svein er pensjonsekspertane våre. Dei stiller gjerne opp når du treng kommentarar, tips og pensjonsråd i sakar til forbrukarar, fagforeiningsmedlemmer eller andre yrkesgrupper.

Kontakt pressevakta, så ordnar vi eit intervju eller ein bakgrunnssamtale med ein av ekspertane våre. Vi har også ekspertar på andre tema, som digitalisering, kunstig intelligens, statistikk og pensjonstrendar.

Beate Engelschiøn

held til dagleg kurs for medlemmene våre over heile Noreg, og veit mykje om kva folk lurar på om pensjon. Ho er ei av initiativtakarane til Facebook-nettverket «Moneypenny Norge», der 42 000 kvinner delar erfaringar om sparing, aksjar og privatøkonomi. Beate har tidlegare jobba som rådgjevar innan privatøkonomi hos NAV, og er i 2023 aktuell som medforfattar av boka «Pengeboka - den ultimate økonomiguiden for unge».

Svein Rasmussen

jobbar i fagavdelinga vår. Han sørger for at folk, både internt og eksternt, forstår pensjonsreglane og kva dei inneber i praksis for folk som har – eller har hatt - tenestepensjon i offentleg sektor. Svein er ein erfaren formidlar, og han jobba som lærar og skoleleiar i over 20 år før han starta i SPK.

Pressekontakt

E-post: presse@spk.no
Telefon: 22 24 16 00
Vi betener pressetelefonen og e-posten i arbeidstida.

Nyttig for deg som er journalist

Saker om enkeltpersonar

Vi kan kommentere enkeltsaker, men berre om vi blir fritekne frå teieplikta. Den eller dei som skal omtalast, må gi oss fritak frå teieplikta ved å fylle eit fritaksskjema.

Lenka til skjemaet sendast frå pressevakta i SPK. Personen som skal omtalast, må logge inn med bank-ID, fylle i namn på mediehus og namnet på journalisten hen er i kontakt med.

Du som journalist har plikt til å sørge for at dei som gir samtykke forstår kva samtykket inneber, og korleis det skal brukast.

Fritak frå teieplikta blir sletta frå systema våre etter fem år.