Tjueelleve / 2011-tillegg

Eit pensjonstillegg for medlemmer fødd 1963 - 1967 med opptening før 2011.

2011-tillegget gjeld for personer fødd mellom 1963 og 1967, med pensjonsopptjening frå før 2011. Tillegget vart framforhandla i avtalen mellom organisasjonene for å kompensere for utfasinga av individuell garanti ved innføringa av ny offentleg tenestepensjon.

Tillegget utbetalast livsvarig saman med oppsett bruttopensjon og kan ikkje verte gradert eller stansa etter uttak. Beløpet vert beregna med 1,5 prosent av pensjonsgrunnlaget for oppsett bruttopensjon gonga med oppteningstid før 2011 og dividert på 30 år.

1963-kullet får 100 prosent med nedtrapping 20 prosentpoeng for kvart årskull, slik at til dømes 1964-kullet får 80 prosent og 1967-kullet får 20 prosent.