Grunnbeløp (G)
Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 124 028 kroner per 01.05.2024.
Grunnbeløpet blir fastsett av Stortinget kvart år i takt med forventa løns- og prisutvikling. Dette skjer vanlegvis i juni månad og får tilbakeverknad frå mai.