Ord og uttrykk

Pensjonistlønn

Alderspensjonistar kan bli engasjerte i staten eller skuleverket på pensjonistlønn. Då blir som hovudregel ikkje alderspensjonen hos oss redusert.

Alderspensjonistar kan inngå avtale med arbeidsgivar om arbeid på pensjonistvilkår og med pensjonistlønn. 

Nokre kriterie må vere oppfylt for å bli engasjert på pensjonistlønn:

  • Det er eit vilkår at du har hel/delvis alderspensjon frå Statens pensjonskasse.
  • I Statens personalhandbok står blant anna: Det er ein føresetnad at slikt engasjement skal gjelde kortvarig (tilfeldig) arbeid, og ikkje vere oppgåver av fast og varig karakter, og skal heller ikkje vere ei vidareføring av tidlegare arbeidsforhold.
  • Pensjonistlønn kan ikkje kombinerast med uførepensjon.

Pensjonistlønna per 1. januar 2024:

  •  245 kroner per time

Undervisingspersonell

For undervisingspersonell som har teke ut alderspensjon, men som blir engasjert til å undervise på pensjonistvilkår, gjeld eigne reglar. Per 1. januar 2024 blir pensjonistlønn for undervisingspersonell tilknytt kommunal tariff berekna slik:

245 kroner per time x 1 400/årsramma i faget

Kontakt arbeidsgivaren din dersom du har nærmare spørsmål om pensjonistlønn for undervisingspersonell tilknytt kommunal tariff.

Pensjonistlønn utover de normale satsene

Fra 2024 har kommuner og helseforetak som opplever rekrutteringsutfordringer fått anledning til å engasjere pensjonerte sykepleiere og pensjonert undervisningspersonell på pensjonistlønn, med tillegg utover de normale satsene. 

Kontakt arbeidsgiveren din dersom du har nærmere spørsmål om pensjonistlønn etter disse reglene.