Ord og uttrykk

Delt pensjonsgrunnlag (nedgang i lønn)

Dersom du har gått ned til eit lågare lønnsnivå i løpet av den tida du vore medlem i Statens pensjonskasse, kan dette påverke storleiken på alderspensjonen din. Du kan få berekna pensjon etter eit såkalla delt pensjonsgrunnlag.

Om du har gått ned i løn, tar vi likevel omsyn til at lønna var høgare på eit tidlegare tidspunkt.

Pensjonen blir dermed berekna ut frå eit såkalla delt pensjonsgrunnlag, både:

  • oppteningstid før nedgang i lønn
  • oppteningstid etter nedgang i lønn 

Full oppteningstid hos oss er 30 år. Dersom den faktiske oppteningstida er lengre enn dette, ser vi bort frå delen av oppteningstida med lågast pensjonsgrunnlag.

Dersom du rakk å oppnå full oppteningstid før lønna gjekk ned, vil du derfor få heile pensjonsgrunnlaget rekna ut frå den høgaste lønna.

Pensjonsgrunnlaget, og dermed verknaden av ein eventuell nedgang i lønn, blir fyrst berekna når du blir pensjonert.